Torbjørn på You Tube!
Enten de likar Rage Against the Machine eller ikkje, ta ein titt på denne videoen, og legg spesielt merke til gitaristen
!
Vurdering i matematikk
Korleis skal ein vurdere det at ein elev lærer seg ein metode på “høgt” nivå, medan han ikkje kan “elementær” rekning?
Døme: ein elev i 2MX lærer seg å derivere polynom, men bommar på brøkrekninga som inngår i eit gitt derivasjonsstykke?
Har dette t.d. noko med desse læreplanmåla å gjere:
-
kunne formulere og løse problemer der de må kombinere sine matematiske kunnskaper og ferdigheter med initiativ, originalitet og innsikt.
Eller er faget 2MX heilt lausrive frå alt dei skal kunne frå før?
Så noko heilt anna… matematikk
Det er nokre hol i opplæringa i matematikk i pensum/lærebøkene/læremidla. Eg synest ikkje alltid at det er rart at elevane får hol i grunnkunnskapane. Her hjelper det ikkje med amalgam. Det er til dømes i stor grad forventa at elevane skal skjøne/lære av seg sjølv dette med å setje eit uttrykk inn for eit anna. Det vert gjort i mange utleiingar, men er ikkje fokusert på i seg sjølv. Ein har litt om det når ein held på med likningssett, men ikkje nok. Når ein kjem til kjerneregelen har elevane vanskar med å forstå kvifor ein skriv f(x)= g(u). Slikt kviler på eit privat initiativ frå lærar og elevar i ein elles hektisk læringskvardag. Slikt burde vi også samarbeide om å lage opplegg for.
Dette var berre litt filosofering over noko eg har tenkt litt på.
Utdrag frå ein diskusjon på Jos blogg, måtte ha det med her.
Det var sjølvsagt flåsete av meg å seie at det meste av pedagogikken er lite vitskapleg. ”So why bother”, var i alle fall ikkje det eg meinte.
Du seier vidare at ” …. når noen går forran og prøver noe nytt, er det ingen som følger opp ….”. Det er eg for det fyrste ikkje einig i. For det andre er eg like nøgd med det mange andre gjer som det eg gjer, og eg er ikkje uinteressert i å prøve ut ting som andre driv med. Men derifrå og til at absolutt alle skal drive med akkurat læringsstilar, meiner eg det er ei viss avstand.
Faktisk har eg mange idear om matematikkundervisning. Det eg manglar er tid til å få utvikla dei. Det må vere lov til å vere oppteken også av sine eigne prosjekt. Det er mogleg at Margreta meiner at eg tek feil, men eg føler at det å starte opp med læringsstilundervisning i MX- og FY-fag er veldig arbeidskrevande. Sjølvsagt kan ein få til ein del ved samarbeid, men sjå kor mykje tid enkelte brukar på desse tinga på skulen vår. Får dei mykje att? Kanskje Margreta gjer det, men eg har ikkje høyrt så mykje positivt frå andre til no. Tvert i mot.
Berre eit lite døme utan samanlikning: om du fekk skulen med på at no skulle alle drive med (jobbe med å innføre) leksesjekking i alle klasser, hadde det ikkje vore OK av meg å seie at slik vil eg ikkje ha det, fordi det ikkje stemmer med mitt læringssyn?
Eg meiner ikkje å vere negativ til læringsstilar. Eg prøver å vere positiv, og det er i stor grad Margreta og Solveigs forteneste! Men på noverande tidspunkt har eg tenkt å konsentrere meg om andre ting, mellom anna bruk av IKT. Det tek fylliken sykle meg nok tid i seg sjølv. (Her sit eg klokka 22 og jobbar, for dette er nemleg jobbing/jobbrelatert).
-”(Du sier jo selv i klartekst at du ikke har planer om å følge opp noe som helst…)Dermed dør bare alt henn, og vi gror inn i våre gamle mønstre.”
- Eg seier at eg ikkje har lyst til å jobbe med læringsstilar no. (Og kanskje aldri, kanskje døyr det hen). Men eg prøvar å jobbe for å ikkje gro inn i gamle mønster.
- ”Dette er til og med tatt med i rektors plan for utviklingsmål for skolen vår.”
- Eg stemmer i mot. Det er like feil som at alle fag skulle ha prosjektarbeid etter reform 94!
- ” Det jeg imidlertid tenker (og det mener jeg må få lov til) er om læringsstiler virkelig er den pedagogiske platformen vi alle med støtte av administrasjone skal velge.”
- Ja. Men det finst også noko som heiter metodefridom. Og kanskje vi alle burde bli tekne med på råd? Er det ikkje vi som best veit om og kvar skoen trykkjer? Er det ikkje nok av folk over oss som ikkje veit eller lenger hugsar kva som skjer og kva som trengst i klasseromet? Og burde ikkje administrasjonen, kven det no eigentleg er, og andre overordna gå i seg sjølv og dessutan forstå at den jobben som blir gjort kanskje ikkje er så utilstrekkeleg som nokre insinuerar? Og at pedagogisk utviklingsarbeid vert gjort i større grad enn dei anar? Og at det ikkje blir gjort meir og betre av at dei finn på all verdas storprosjekt for å kontrollere at vi arbeider og for at det skal verke som om dei sjølve arbeider?
Eg har kanskje lett for å kome ut på viddene, men de får berre bere over med meg.
Grunnleggande dugleik; rekning.
Er det ikkje litt rart at dette skal inn i alle fag. T.d. norsk, kva skal ein rekne på der? Eg har ikkje lese norsklæreplanane, og lurer litt på dette. Men meir sjokkerande er det vel at det skal inn i matematikk! Kva har rekning der å gjere? Slikt er det då ingen som kan lenger. Og kva skal ein med det? Når får ein nytte av slikt? Om ein skal bli matematikklærar?
Elles var det ein roleg start på nyttåret undervisningsmessig. Tre timar med kjerneregelen. Trur det gjekk etter høva bra. Eg skreiv noko på tavla som eg synest var så bra at eg fekk ein elev til å ta bilde av det og sende det til meg som mail. Hehehe. Kan det reknast som bruk av IKT i undervisninga?
post nummer 2
I ein blogg så skriv ein gjerne noko ofte berre for å gjere det. Men som de ser, så er det få av mine kolleger som gjer enno (oj, dette høyrdest ut som hets det også, men det var ikkje meint slik). Eg har ein annan blogg, på MSN, den skriv eg heller ikkje noko særleg i. Same kva (fornorsking av “anyhow” og “uansett”), i dag har eg vore heime med Ida sidan skulen startar i morgon og det var planleggingsdag i barnehagen i dag. Eg såg “Tour de Ski” medan Ida sov.
Skulle denne bloggen ha noko med pegadodikk å gjere? Det får vi finne ut ein annan dag.
ja, ja ….
Så var vi her også …..
Grunnen til at eg har oppretta denne bloggen er at eg har nokre FANTASTISKE kollegar som har såkalla blogg her. Nokre av dei har visst vore på kurs. Hurra for det!!! (Hetse, hetse.) (De ER fantastiske!)
Sorry, folkens. Godt nyttår og lukke til med undervisninga. Kanskje skriv eg her igjen.
SMASK!
-
Arkiv
- desember 2008 (1)
- november 2008 (1)
- februar 2008 (1)
- juni 2007 (1)
- mai 2007 (1)
- april 2007 (2)
- mars 2007 (2)
- februar 2007 (4)
- januar 2007 (7)
-
kategoriar
-
RSS
Innlegg RSS
Kommentarar RSS