Torbjørns såkalla blogg

Mest om skule, trur eg. Spesielt matematikk.

Vel, …..

Eg er ikkje så sint lenger. Eg er kanskje i ferd med å godta eit av forslaga om spreiing av allmennlærarar. Det “inneber” store avdelingar. Realfag/humanistisk må få kvar sin fagkoordinator OG fagfordelinga MÅ skje på “realfagsseksjonen”. Alle som jobbar der må få kome med sine ynskje og faga/klassene må verte fordelt etter prinsippet om deling av last og lyst, sjølv om ein skal prøve å fylle opp stillinga si mest mogleg på ei avdeling. I den grad det er mogleg. (… eh …?)

Den modellen med mange små avdelingar er heilt uaktuell dersom ikkje realfag/humanistfag eller allmennfag får si eiga avdeling! For då fell ideane som ligg til grunn for å spreie oss, på si eiga meiningsløyse..

Til dei som ventar på svar på sine kommentarar, må eg berre seie: den som ventar på noko godt, bør finne noko anna godt medan han ventar.

25. februar 2007 Posta av widnes | Skuleting | | Éin kommentar

Eg er sint!

Det er nok ein gong for seint på kvelden til å skrive noko langt innlegg. Men eg må berre få sagt det. Eg “flyg snart i flint”.

Makan til arroganse. MOT den fagforeininga som har over 70 % (86 av 120) av lærarane på skulen sitt klare ynskje, mot dei to avdelingane som til saman har klart flest lærarar på skulen (ca 52 av 120, dvs ca 43 %), klarer leiinga og andre organisasjonar å prøve å antyde at det skal trumfast i gjennom eit heilt håplaust system på skulen.

Allmennfagslærarane skal spreiast rundt om på yrkesfagsavdelingane.

Årsaka skal visstnok vere pedagogiske. “Eleven i sentrum”. “Tverrfagleg samarbeid”. Les: utradering av våre fag, vår faglege identitet og eg veit ikkje kva.

Kyss meg der sola skin berre nokre få gonger i året. God natt.

15. februar 2007 Posta av widnes | Skuleting | | 6 kommentarar

Innlegg i nettutgåva av “Utdanning” 07.12.04

Matematikk og nye metodar

Eg ventar enno på å sjå kva det er dagens elevar har lært i matematikk, som vi ikkje lærte i vår tid. Praktisk og heilskapleg matematikk er det i alle fall ikkje, skriv innsendaren.

Sigmund Hov Moen er i sitt innspel “ Matematikk og sukkerspinn” 6. desember inne på viktige problemstillingar når det gjeld matematikkopplæringa. Eg er stort sett samd i det han skriv, sjølv om eg kanskje gjerne ville sett litt nærare på dei undersøkingane han snakkar om før eg uttalar meg om dei.
 
Eg trur likevel ikkje at det er “elleville matematikkekspertars born” som “har blitt skuleleie og trøtte av terping”. I så fall må det vere fordi dei har terpa på ting dei allereie kunne. Eg trur ikkje born av matematikarar nokon gong har vorte skuleleie av pugg. Dei blir heller skuleleie av manglande utfordringar.
 
Å rekne matematikkoppgåver er ofte det kjekkaste som finst for dei som får det til, berre ein får utfordringar. Eg tvilar på at matematikarar er problemet her, for eit fåtal av dei eg kjenner er i særleg grad tilhengarar av den nye pedagogikken.
 
Problemet har vore (og er framleis) at det er mange som ikkje klarer å lære matematikk ut over eit visst nivå. Faget har alltid skapt skuletaparar og vore eit slit, kanskje til og med for fleirtalet av elevane. Grunnane til dette er fleire. Men det har ikkje vorte betre av at ein lærar skal undervise mange elevar med heilt ulikt utgangspunkt.
 
Den differensieringa og den tilpassa undervisninga som kvar elev skal få i følgje opplæringsloven o.a., er dessverre ein utopi med den ressursbruken og den organiseringa ein har hatt i skulen sidan ein fekk 9-årig obligatorisk skule.
 
Resultatet av dette er at ein har trudd at det er undervisningsmetodane det er noko i vegen med. Ein har dermed kanskje prøvd å finne metodar som passar for elevar som er middels flinke og svake i matematikk. Desse har så blitt tredd nedover hovudet på alle.
 
Spørsmålet er om desse metodane har passa for svake elevar, om dei har passa for nokon i det heile! I alle fall har dei ikkje passa utan enormt mykje individuell oppfølging som ein lærar ikkje er i stand til å gjennomføre med ein heil klasse.
 
Det er mogleg at “dei flinke” elevane har greidd seg bra også med “moderne undervisningsmetodar”. Men eg for min del har til gode å sjå at dei har ført med seg noko bra.
 
Eg ventar enno på å sjå kva det er dagens elevar har lært i matematikk, som vi ikkje lærte i vår tid. Praktisk og heilskapleg matematikk er det i alle fall ikkje. Og eg klarer heller ikkje å forstå kvifor dei som ville ha likt skulematematikken slik den var før, ikkje skal få den type undervisning.
 
Eg kunne sikkert ha skrive ei heil avhandling om mine tankar rundt dette, men eg er lærar i vidaregåande og har dessverre ikkje tid.

10. februar 2007 Posta av widnes | Skuleting | | 3 kommentarar

Mitt pedagogiske grunnlag del I

Det er snakka mykje om læring ved leik og at ein må gjere fagstoffet artig for elevane. Og for all del, la meg seie no med det same at eg ikkje er i mot det. Men eg vil heller ha eit anna fokus. På sett og vis det motsette eller omvende. Eg hevdar at det er eit mykje betre utgangspunkt å la læringa verte ein leik og å like sjølve faget. Ein likar som regel (merk: som regel) faget dersom ein meistrar det. Og dersom ein ikkje likar sjølve faget, vert det sjeldan meir morosamt ved at ein driv med aktivitetar på sida av faget for å få det til å verte morosamt. Då vert ein berre skuffa når faget igjen viser seg å vere det same gamle.

Når det gjeld leik og læring, så er det å lære ofte utruleg artig for ungar. Dei er ofte umettelege. Då er det berre å pøse på. Men skulen stansar ofte denne raske utviklinga ved å stoppe elevane opp. Og dessverre vert det raskt ein kultur for at det ikkje er så viktig å kunne faget. Slik var det i mi skuletid, og slik trur eg det er no også.

Pedagogane og skulen har gjort ein stor tabbe ved å satse på undervisning som ein trudde skulle få alle til å lære meir, men som heller har gjort spriket mellom flinke og mindre flinke større. Ein har stempla ein del av dei måtane å lære på som eg likte best som mindreverdige. Det har forundra meg at ein har redusert delar av undervisninga som dei flinke likte så godt. Øving og pugg har vore “fy fy” i mange år, medan t.d. forståing i matematikken har vore nedprioritert i heile mi tid. Kva er det att då?

Til slutt, for denne gong, eit hjartesukk: Dersom ein skal lære matematikk, må ein tenkje matematisk frå tidlegare alder enn ungar gjer i Noreg i dag. Kunnskap er ikkje skadeleg. Ein må slutte med det tøyset at ein ikkje trur ungar kan tenkje abstrakt. Skriftspråk og bokstavar er abstrakt, og døtra mi som ikkje er 2 enno, er i ferd med knekke den koden. Utan press, ho elskar det. Det er ein heilt anna diskusjon om ein skal skilje dei som skal lære matematikk frå dei som berre skal lære rekning. Eg er ikkje for såkalla elitetenking. Men å stanse ei utvikling, å halde folk att, for å skape likskap, tykkjer eg ikkje er nokon god ide. Folk vert ikkje like av den grunn!

4. februar 2007 Posta av widnes | Skuleting | | 2 kommentarar