Torbjørns såkalla blogg

Mest om skule, trur eg. Spesielt matematikk.

Frustrasjon

Læraryrket er frustrerande. Sjølvsagt likar* eg det, men rett ofte lurar eg på kva det er eg driv med. 

No har vi halde på ei stund med eit tema, og elevane har stort sett gitt uttrykk for at dette ikkje er så vanskeleg. Sjølvsagt slit somme meir enn andre. Men det verkar som dei skjønar det eg forklarar*. Dei gjer sine oppgåver, og det går vel nokolunde greitt. Somme har ikkje kontrollen, men mange seier at “dette er mykje lettare enn …..”

Så kjem prøva. Sjølv dei enklaste ting blir vanskeleg.

Dette kjenner eg meg over hovudet ikkje igjen i sjølv. Enten forstod eg eller så forstod eg ikkje. Som regel forstod eg.

Enten kunne eg eller så kunne eg ikkje. I grunnskulen og fyrste gym. kunne eg. I andre og tredje kunne eg ikkje så mykje. Fram til rett før eksamen. Men det hadde mykje med innsats å gjere.

Det er mi forklaring og halmstrå no også. Dei fleste jobbar ikkje nok. Og nokre av dei som jobbar nok, jobbar ikkje rett. Men eg klarer ikkje å lære dei korleis dei skal jobbe.

Eg klarer ikkje å få dei til å jobbe nok. Eg klarer ikkje å få dei til å jobbe med å forstå. Eg klarer ikkje å få dei til å jobbe med grunnleggande matematikk. Sjølv om vi snakkar om det nesten kvar gong.

Det er ei veldig inhomogen masse.

Men no har vi gått gjennom pensum. No kan vi ta til å lære. Og no er eg lei av forstyrrande element. No skal det lærast, enten dei vil eller eg.

Tru det den som vil.

*Kvifor er så mange verb “v1 eller v2″? Ein kan ikkje vita kva ein skal skrive. Eg veld det som ligg nærast min dialekt…..

27. mars 2007 Posta av widnes | Skuleting | | 3 kommentarar

Blogg

Eg må seie at det skjer ikkje mykje verken på min eller mine kollegars blogg for tida. Det er ikkje det minste rart. Normale folk har ikkje tid til å leve livet sitt på nettet. Men det var snakk om pedagogisk bruk av blogg. Når, kvar og korleis skjer det?

27. mars 2007 Posta av widnes | Uncategorized | | Éin kommentar