Frustrasjon
Læraryrket er frustrerande. Sjølvsagt likar* eg det, men rett ofte lurar eg på kva det er eg driv med.
No har vi halde på ei stund med eit tema, og elevane har stort sett gitt uttrykk for at dette ikkje er så vanskeleg. Sjølvsagt slit somme meir enn andre. Men det verkar som dei skjønar det eg forklarar*. Dei gjer sine oppgåver, og det går vel nokolunde greitt. Somme har ikkje kontrollen, men mange seier at “dette er mykje lettare enn …..”
Så kjem prøva. Sjølv dei enklaste ting blir vanskeleg.
Dette kjenner eg meg over hovudet ikkje igjen i sjølv. Enten forstod eg eller så forstod eg ikkje. Som regel forstod eg.
Enten kunne eg eller så kunne eg ikkje. I grunnskulen og fyrste gym. kunne eg. I andre og tredje kunne eg ikkje så mykje. Fram til rett før eksamen. Men det hadde mykje med innsats å gjere.
Det er mi forklaring og halmstrå no også. Dei fleste jobbar ikkje nok. Og nokre av dei som jobbar nok, jobbar ikkje rett. Men eg klarer ikkje å lære dei korleis dei skal jobbe.
Eg klarer ikkje å få dei til å jobbe nok. Eg klarer ikkje å få dei til å jobbe med å forstå. Eg klarer ikkje å få dei til å jobbe med grunnleggande matematikk. Sjølv om vi snakkar om det nesten kvar gong.
Det er ei veldig inhomogen masse.
Men no har vi gått gjennom pensum. No kan vi ta til å lære. Og no er eg lei av forstyrrande element. No skal det lærast, enten dei vil eller eg.
Tru det den som vil.
–
*Kvifor er så mange verb “v1 eller v2″? Ein kan ikkje vita kva ein skal skrive. Eg veld det som ligg nærast min dialekt…..
3 kommentarar »
Kommenter innlegget
-
Arkiv
- desember 2008 (1)
- november 2008 (1)
- februar 2008 (1)
- juni 2007 (1)
- mai 2007 (1)
- april 2007 (2)
- mars 2007 (2)
- februar 2007 (4)
- januar 2007 (7)
-
kategoriar
-
RSS
Innlegg RSS
Kommentarar RSS
No ska da lærast?
Ja, kanskje da…
Me får sjå…;)
Slapp av Torbjørn! Husk at vi utdanner elever til jobber som enda ikkje er opretta eller oppfunnen. Vi utdanner elever til ei fremtid som vi enda ikkje aner konturene av. Kor mange på di tid i videregåande skule drømte om å bli Web-utviklere? Desse podane, spirene for fremtida, beveger seg i mystiske mønstre!
Til Randi: dette gjeld i alle fall ikkje deg!
Til Jo Magnar: Du har sjølvsagt rett i det, og det er slett ikkje det at eg ikkje trur det vil bli folk av dei. Det er det allereie blitt. Men poenget med å undervise/studere eit fag er vel å lære det? Vi kan vel ikkje forsvare at folk ikkje lærer det som er planen med at dei sikkert blir dyktige til noko anna seinare? Sjølv om det kanskje er å lære å lære som er det viktige i denne samanhengen, så lærer mange av dei ikkje det heller. Hadde dei gjort det, ville dei lært faget også.