Torbjørns såkalla blogg

Mest om skule, trur eg. Spesielt matematikk.

Læringslaben

Det går ein debatt om Læringslaben i avisene og andre stader for tida. Den burde eg ha skrive eit innlegg i, for eg har meint noko om dette lenge før Sjøberg kom med sine synspunkt. Opplæringsdirektør Svein Fjeld, som kanskje kan kallast sjefen min, forsvarar sjølvsagt at fylket har brukt Læringslaben, og hevdar at dei har fått berre gode tilbakemeldingar frå skulane. Det er i så fall synd.

Læringslaben har utført ei lærarundersøking og ei elevundersøking. Elevundersøkinga kjenner eg berre frå presentasjonen av resultata og stønninga frå elevane som måtte ta den. Lærarundersøkinga tok eg sjølv, og eg minnest at eg meinte den ikkje var verd prisen for lyset som kom frå skjermen den stod på.

For å vere litt flåsete, eg hugsar godt følgjande spørsmål: “hender det at du av og til fullstendig mister besinnelsen?” Eg svarte sjølvsagt “delvis uenig”.

Så mykje meir hugsar eg ikkje av sjølve undersøkinga. Men eg hugsar godt alle den raude fargen som var på kvart spørsmål under presentasjonen av resultata av elevundersøkinga. Alt mogleg var gale. Til og med ting som eg personleg ser på som positivt, var farga raudt. At elevane er misfornøgde med lærarane og skulen, men ikkje med seg sjølv er vel ikkje noko uvanleg. Slik var eg også. Men det treng ikkje seie noko om korleis tilstanden eigentleg er.

No er det for lenge sidan dette til at eg hugsar nok av det. Men dersom fylket skal nytte Læringslaben til hausten også, så vil i alle fall eg prøve å studere den nøye og merke meg kva eg synest ikkje er bra nok.

Ein anna ting er at skulen sjølv sikkert kan lage ei like god undersøking. Berre sjå på “elevevalueringa”, som var ei evaluering som elevane gjorde av lærarane. Der fekk eg seriøse svar som at eg var sexy og pen (truleg frå mannlege elevar), og at eg burde spele meir på tennene. (Noko eg er ein “eit slikt ord som ein ikkje set på trykk” til). Dagen etter hadde ein elev omlag dette som personleg melding på Windows Live Messenger: “x % av befolkningen sier at de ikke svarer ærlig på spørreundersøkelser” (der x var ca lik 30?).

Vel, vel. Kanskje har eg ikkje all verdas grunnlag for å skrive eit innlegg. Men kritisk til Læringslaben det er eg. Eg kjenner forresten ei som har jobba der, og ho stadfester nokre av mine fordomar. Ho var nesten den einaste som hadde jobba i skulen av dei som jobba der. Ingen bukk ved havresekken der altså. Akkurat som i skulepolitikken ;)

Eg skulle gjerne visst kva elevane som hadde denne undersøkinga hadde å seie om saka, men det blir sikkert vanskeleg. Men om de har lyst, kom med det!

16. april 2007 - Posta av widnes | Skuleting | | 2 kommentarar

2 kommentarar »

  1. Trur me slapp den undersøkjinga gitt… Så rart, då me e’ TAF. Me som meine noke om alt og ingenting… Mest ingenting, men sidan det sikkert er ein del på TAF som har planar om å bli “ingentinggjører” i framtida så kvifor ikkje byrje tidleg. ;) Tidleg krøkast for god krok å bli:)

    Comment av Epandi | 17. april 2007 | Svar

  2. Eventyret om “Læringslaben” minner for mye om “Keiserens nye klær”, bortsett fra slutten. Hos H.C. Andersen er helten den lille gutten som “avslører” det alle kan se: keiseren har ingen klær på. Men ikke slik i hfk. Her får vi vite at klærne i grunnen passet godt “rundt om på skolene”. Og det gjelder den lille gutten (som egentlig er stor og heter Svein Sjøberg m.fl.), så er det sikkert en som har en konkurrerende kleskolleksjon på gang!
    Å bli lurt er surt, men å innrømme det er åpenbart ingen innøvd fylkeskommunal øvelse.

    Comment av Joswal | 28. mai 2007 | Svar


Kommenter innlegget