Torbjørns såkalla blogg

Mest om skule, trur eg. Spesielt matematikk.

Kvalitetsreform og kunnskapsløft, … framhald fylgjer (kanskje).

På universitetet har dei hatt ei reform som gjer at det vert stilt strengare krav til studentane, i form av at dei får meir obligatorisk arbeid og meir møteplikt. Før var universitetet ein stad for dei som hadde verkeleg interesse for faga og som var litt sjølvdrivne. No skal dei tvingast til masse meirarbeid som ofte ikkje gjev noko meir kunnskap. Slik var det obligatoriske i mi tid også, men det var heldigvis lite av det. Eit spark bak for dei late og uinteresserte, påføring av masse arbeid ein ikkje hadde trengt å gjere og som ein ikkje lærte noko særleg av, for dei som gjorde det dei skulle. 

Kvar har det vorte av studieareanaen for dei sistnemnde?

Vidaregåande er også slik. Og slik har det vel vore lenge (“alltid”?). Men eg lurar på om ikkje ein kunne gitt elevar i vidaregåande friare tøylar. Meir friviljug oppmøte, og meir ansvar for å lese og jobbe sjølv. “Dei er ikkje mogne for det”, er det vanlege argumentet. Men kva tid skal dei lære å ta ansvar for si eiga utvikling osb. då? Dessutan vil eg hevde at mange ville ha vakse på det, både fagleg og personleg. Og slappare enn snittet av ungdomen er på skulen i dag, skal det vel vanskeleg gjerast å få dei.

Dette var ei kort førebels synsing om eit tema eg lenge har meint noko om, men no er det for seint på kvelden, og eg får ta det att ein annan gong.

Eg legg inn svaret på ein kommentar her også, for di eg ikkje heilt fekk fullført dette blogginnlegget, og fordi det kanskje utdjupar kva eg meinte:

Dette var ikkje fyrst og fremst, eller i alle fall ikkje berre, argument for individets fridom. Det er mogleg at det ikkje er alle som passar til å få eit slikt ansvar. Men vi ser at sjølv med den ”manglande fridomen” (ikkje alle vil hevde at det er så strengt i skulen no), er det ikkje all verda med jobbing og læring i vidaregåande skule. Då kan ein t.d. innføre eit strengt terrorregime og sjå om det verkar. Det er tvilsamt. Det stemmer heller ikkje med den positive utviklinga som har vore når det gjeld frykt (i motsetning til respekt) for autoritetar. Eitt av poenga mine er at dei som er verkeleg interessert og dei som hadde vakna av å få ansvaret sjølv, kunne hatt godt av det! Det skjedde meg i laupet av eitt semester på universitetet. Eg skjønte at det var alvor. Og det var mykje meir effektivt å gjere det ein lærte noko av, enn å gjere det som dei ”mindre arbeidsame” trengde for å få eit spark bak. Det er alltid ein fare for at det blir slik med for mykje obligatorisk arbeid. Det eg meiner er at det er dumt at ikkje dei mest læreviljuge har ein arena som passar dei betre.
Eitt anna poeng er at eg trur mange måtte ha skjerpa seg om dei fekk meir ansvar sjølv. Ikkje slikt ”liksomansvar” som ligg i det drøvtogne omgrepet ”ansvar for eiga læring”, slik det har vorte brukt i R94-tida. (Rettare: slik eg har oppfatta at det har vorte brukt).
…… (meir under kommentarar).

11. mai 2007 Posta av widnes | Skuleting | | 7 kommentarar