Kvalitetsreform og kunnskapsløft, … framhald fylgjer (kanskje).
På universitetet har dei hatt ei reform som gjer at det vert stilt strengare krav til studentane, i form av at dei får meir obligatorisk arbeid og meir møteplikt. Før var universitetet ein stad for dei som hadde verkeleg interesse for faga og som var litt sjølvdrivne. No skal dei tvingast til masse meirarbeid som ofte ikkje gjev noko meir kunnskap. Slik var det obligatoriske i mi tid også, men det var heldigvis lite av det. Eit spark bak for dei late og uinteresserte, påføring av masse arbeid ein ikkje hadde trengt å gjere og som ein ikkje lærte noko særleg av, for dei som gjorde det dei skulle.
Kvar har det vorte av studieareanaen for dei sistnemnde?
Vidaregåande er også slik. Og slik har det vel vore lenge (“alltid”?). Men eg lurar på om ikkje ein kunne gitt elevar i vidaregåande friare tøylar. Meir friviljug oppmøte, og meir ansvar for å lese og jobbe sjølv. “Dei er ikkje mogne for det”, er det vanlege argumentet. Men kva tid skal dei lære å ta ansvar for si eiga utvikling osb. då? Dessutan vil eg hevde at mange ville ha vakse på det, både fagleg og personleg. Og slappare enn snittet av ungdomen er på skulen i dag, skal det vel vanskeleg gjerast å få dei.
Dette var ei kort førebels synsing om eit tema eg lenge har meint noko om, men no er det for seint på kvelden, og eg får ta det att ein annan gong.
–
Eg legg inn svaret på ein kommentar her også, for di eg ikkje heilt fekk fullført dette blogginnlegget, og fordi det kanskje utdjupar kva eg meinte:
Dette var ikkje fyrst og fremst, eller i alle fall ikkje berre, argument for individets fridom. Det er mogleg at det ikkje er alle som passar til å få eit slikt ansvar. Men vi ser at sjølv med den ”manglande fridomen” (ikkje alle vil hevde at det er så strengt i skulen no), er det ikkje all verda med jobbing og læring i vidaregåande skule. Då kan ein t.d. innføre eit strengt terrorregime og sjå om det verkar. Det er tvilsamt. Det stemmer heller ikkje med den positive utviklinga som har vore når det gjeld frykt (i motsetning til respekt) for autoritetar. Eitt av poenga mine er at dei som er verkeleg interessert og dei som hadde vakna av å få ansvaret sjølv, kunne hatt godt av det! Det skjedde meg i laupet av eitt semester på universitetet. Eg skjønte at det var alvor. Og det var mykje meir effektivt å gjere det ein lærte noko av, enn å gjere det som dei ”mindre arbeidsame” trengde for å få eit spark bak. Det er alltid ein fare for at det blir slik med for mykje obligatorisk arbeid. Det eg meiner er at det er dumt at ikkje dei mest læreviljuge har ein arena som passar dei betre.
Eitt anna poeng er at eg trur mange måtte ha skjerpa seg om dei fekk meir ansvar sjølv. Ikkje slikt ”liksomansvar” som ligg i det drøvtogne omgrepet ”ansvar for eiga læring”, slik det har vorte brukt i R94-tida. (Rettare: slik eg har oppfatta at det har vorte brukt).
…… (meir under kommentarar).
7 kommentarar »
Kommenter innlegget
-
Arkiv
- desember 2008 (1)
- november 2008 (1)
- februar 2008 (1)
- juni 2007 (1)
- mai 2007 (1)
- april 2007 (2)
- mars 2007 (2)
- februar 2007 (4)
- januar 2007 (7)
-
kategoriar
-
RSS
Innlegg RSS
Kommentarar RSS
Det er en vits som går omtrent slik: “Hva er likheten mellom dagens ungdom og Jesus?…….De bor hjemme til de er 30 og hvis de gjør noe er det et under!”
For under 50 år siden gikk eleven 7 år på skolen for så å stå på egne ben. De gikk tidlig ut i hardt arbeid. De siste 50 årene har vi sakte men sikkert gått fra dette til det noe sånt som du skisserer i innlegget ditt. Personlig synes jeg dette er en sunn utvikling. (Man trengte for eksempel ikke web-utviklere for 50 år siden. Et krevende yrke der det trengs mer oppmuntring og stimulans for å oppnå ferdighetene, en det som trengtes for å jobbe i en gruve eller på en fiskebåt). Så hvorfor denne kampen for ”individets frihet”? Jeg er ganske viss på at det ikke er et ønske om å skru klokken tilbake som ligger bak. Så hva er det?
Slik samfunnet er i dag, er “barndommen” eller oppfostringsfasen om du vil, betydelig lenger en den var før. Vi ser at dette gjenspeiler seg i at vi lever lenger, folk gifter seg betydelig senere. Kvinner føder i 30 årene og ikke lenger som 16 åringer. Det er visst sånn menneskeheten utvikler seg. Ingen kan stoppe utviklingen. Nå er det bare å vente på at biologien skal følge etter (for det er visst mer biologisk riktig at kvinner føder i tenårene enn i 30 årene sier Illustrert Vitenskap).
I dag står vi på egne ben når vi er ca. 25 år og ikke som 16 åringer! Vil du tilbake til dette?
Det skummle med denne utviklingen er muligens at de som tar den lengste utdanningen er de som venter med å få barn lengst. Dersom dette blir utsatt enda lengre kan det hende at de ikkje får barn i det hele tatt, og de som får barn er de som har mindre kunnskaper og har gått mindre på skole. Dette vil da igjen før til at barna som blir født muligens har genetisk sett mindre mulighet for å bli smarte. Men heldigvis kan en se på at det faktisk hender at kombinasjonen av to mindre smarte blir hypersmart, så viss ikkje gentekonologi og genmanipulering blir vanlig er det fremdeles håp for fremtiden… Dersom alle venter til de er 40-50 med å få barn så spørs det litt om det er håp for fremtiden…
Gode Torbjørn!
Spennande og bra blogg du har, synest eg.
Her i Syltedalen går det meste sin vante gang, og det er i grunnen bra.
Håpar alt står bra til i Bergen!
Beste helsing Hilde
Takk, Hilde! Her står det bra til.
Til Jo:
Dette var ikkje fyrst og fremst, eller i alle fall ikkje berre, argument for individets fridom. Det er mogleg at det ikkje er alle som passar til å få eit slikt ansvar. Men vi ser at sjølv med den ”manglande fridomen” (ikkje alle vil hevde at det er så strengt i skulen no), er det ikkje all verda med jobbing og læring i vidaregåande skule. Då kan ein t.d. innføre eit strengt terrorregime og sjå om det verkar. Det er tvilsamt. Det stemmer heller ikkje med den positive utviklinga som har vore når det gjeld frykt (i motsetning til respekt) for autoritetar. Eitt av poenga mine er at dei som er verkeleg interessert og dei som hadde vakna av å få ansvaret sjølv, kunne hatt godt av det! Det skjedde meg i laupet av eitt semester på universitetet. Eg skjønte at det var alvor. Og det var mykje meir effektivt å gjere det ein lærte noko av, enn å gjere det som dei ”mindre arbeidsame” trengde for å få eit spark bak. Det er alltid ein fare for at det blir slik med for mykje obligatorisk arbeid. Det eg meiner er at det er dumt at ikkje dei mest læreviljuge har ein arena som passar dei betre.
Eitt anna poeng er at eg trur mange måtte ha skjerpa seg om dei fekk meir ansvar sjølv. Ikkje slikt ”liksomansvar” som ligg i det drøvtogne omgrepet ”ansvar for eiga læring”, slik det har vorte brukt i R94-tida. (Rettare: slik eg har oppfatta at det har vorte brukt).
Eg vil ikkje tilbake til at 13 åringar må ut i arbeidslivet og slikt. Men ein er faktisk myndig ved 18 års alder. Mange studentar står i stor grad på eigne bein frå dei er 19, då dei flyttar ut for å studere. Sjølv om dei ofte har økonomisk støtte heimanfrå (og/eller treng jobb) i tillegg til studielånet. Og mange som byrjar i vidaregåande skule hadde hatt betre av å byrje i arbeid, m.a. fordi dei er så leie av skulen. Eg trur ikkje akkurat TAF-elevane lid av at dei må jobbe to dagar i veka frå dei er 16. Det å gjere vaksne ungdomar til usjølvstendige born, har eg liten sans for.
Elles så ser eg ikkje heilt at det at vi lever lenger, er nokon følgje av at ”barndomen” varer lenger. Begge deler har vel med det å gjere at vi har det så godt? Vi har råd til å la born vere born lenger. Innanfor visse grenser er det bra, men det er vel ikkje bra at ungar ikkje lærer seg å arbeide i det heile? Vi har råd til å ta lange utdanningar. Vel og bra. At vi giftar oss seinare, har nok også med det å gjere at ein studerer lenger og vil leike oss lengst mogleg. Men det er ikkje bra at “alle” ventar lenge med å få born. Biologien vil neppe følgje etter før eventuelt om tusenvis av år, om det vil skje i det heile.
Det var faktisk en tid da du og jeg begynte på universitetet i 1990 hvor vi ble “sparket” ut i en fri tilværelse uten krav, og vi måtte ta fullstendig ansvar selv (skål for det!) Vi bukket akkurat ikke under for øl og partydemonene og vi fikk en utdannelse som gav oss mulighet til å bli passelig forfyllede lærere…. Det sitter enda i ryggmargen min, den usikkerheten (og depresjonen) som preget hovedfaget (masteroppgaven) min. Jeg tenkte; “klarer jeg dette, kommer jeg til å stå på egne ben…?” Da var jeg 26 år. Visst finansierte jeg studiene selv, men med hva? Studielån!
Torbjørn, vi stod ikke skikkelig på egne ben i studietiden!!!!!
Det finnes noen ytterst få superflinke elever som klarer å studere uten ta studielån eller å få økonomisk ryggdekning, og som kanskje argumentasjonen din har en liten relevans til. Men du er ikke en av disse! Sånne personer er også de som ofte kommer svært langt og ender på en solside som du og jeg bare kan drømme om….uansett!
Det eneste jeg ser med dette utspillet ditt er en forherligelse av den bohemen du en gang var…. (og er…?)
Seriøst! Vi må ikke drukne flinke elever i meningsløst obligatorisk arbeid som de ikke trenger. Men det håper jeg da inderlig ikke vi gjør verken på videregående skole eller på universitet og høyskoler. I så fall må vi bli flinkere til å gi passelige utfordringer på ethvert nivå!
Man står på egne ben når man tjener nok penger til å forsørge seg selv. Selvfølgelig bør foreldre og samfunn drille og oppmuntre de håpefulle små fra tidlig alder til å lære dette. (Jeg har f. eks. aldri fått lommepenger….) Men jeg kan ikke se at det å tilby strukturert undervisning eller å gi arbeidsoppgaver skal være noe hinder for det. Legg og merke til hvor lite “fri” vi er i vår arbeidssituasjon nå. Vi har obligatoriske arbeidsoppgaver, plikter, deadlines hele tiden.
Nei drøm deg tilbake til bohemtiden du!
PS! Jeg er for at det skal gå et markant skille mellom videregående skole og høyskolenivå. Det skillet bør ikke minst gå på det økonomiske. Studenter bør ikke få økonomisk støtte fra foreldre for lenge!!!! Og at man slutter med klasseromsundervisning for at studentene skal velge å gå på forelesning av egen fri vilje er og viktig. Men å ikke gi arbeidsoppgaver eller å stille krav…nei!
Bare en liten ting til… I høstsemestere 1991 vor jeg var så fri og bohemaktig og skulle bli “rockestjærne”, glemte jeg å melde meg opp til eksamen. Dette bare to dager for sent. Jeg fikk ikke tatt eksamner! Det var ikke sjangs om å få omgjort dette for vi “hadde ansvar for ett eller annet…..” Studiene mine som til da hadde gått meget gått, gikk etter dette mer eller mindre i dass. Hele livet mitt er ble ødelagt buhu buhu…. Jeg kunne vært skipsmekler idag……. Se på meg nå, denne friheten til å leke rockemusiker, hvor har det ledet meg hen. Å jeg er så lei meg……
Eg veit ikkje kva du gjorde, men eg stod på eigne bein i studietida. (Det tyder ikkje det same som å stå heilt åleine, forresten.) Du kom deg trass alt gjennom eit hovudfag. Ingen tvinga deg til å jobbe i skulen, vel? Ein bør ikkje jobbe ved sidan av studiane, om det er det du meiner med å stå på eigne bein. Samfunnet bør forsørge seriøse studentar. Det er ein jobb å vere student. Det er noko samfunnet visst nok har nytte av.
Det er heilt klart at vi skulle ha vore betre oppfylgjing i studiet vårt. Men ein kan fylgje opp folk med gi dei eit godt tilbod, heller enn å dytte på dei arbeid som ikkje gjev noko utbytte. Ein må kreve noko av studentane, men er ikkje eksamen eit stort nok krav?
Mitt utspel har over hovudet ikkje noko med noko bohemliv å gjere. Eg jobba steinhardt alle åra på universitetet. Hardare enn eg ville. Hardare enn eg trong. Eg levde ikkje noko bohemliv. Tvert i mot. Du fann ikkje meir seriøs student enn meg. Eg sleit meg heilt ut på det. Likevel meiner eg at studentar skal ha ansvaret sjølv!