Torbjørns såkalla blogg

Mest om skule, trur eg. Spesielt matematikk.

Stryk.

Vi har ein karakterskala frå 1 til 6. Før var det frå 0 til 6. Før var karakterane 0 og 1 stryk. No er det berre 1 som gjer at ein ikkje står i faget. Dette gjer at eg og truleg mange med meg, vegrar oss for å gi karakteren 1, sjølv om det er den rette karakteren ut i frå faglege kriterier. Elevar som ligg litt under den grensa vi kjenner at skulle vere der, får 2. Dette er sjølvsagt kjekt for dei det gjeld. Men eg skulle ynskje den problemstillinga ikkje fanst. Vi har ein karakterskala frå 1 til 6, kvifor ikkje bruke den. Heile!

Ei mogleg løysing på dette er å kutte ut omgrepet “stryk”. Kvifor skal ein av seks karakterar vere kriteriet for om folk kjem seg vidare her i livet eller ikkje? Kan ikkje dei som skal nytte/vidareutdanne ungdomane, vurdere sjølv om karakterane er gode nok? Er ein toar noko særleg betre enn ein einar? Per dags dato er det “under middels grad av måloppnåing”. Dei eg gjev 2 kan ikkje noko særleg, det innrømmer eg glatt.

Ein skilnad frå i dag er då at dei som stryk i dag, kunne gått vidare med neste fag osb. Det problemet må ein vel kunne organisere vekk på ein annan måte. På linjer der det er inntak på grunnlag av karakterar, burde det ikkje vere noko problem. Der kunne ein setje dei kriterier som var naudsynte for faget, utan at det trengte å gi oss lærarar noko meir press på å gje høgare karakter enn 1. Kva andre praktiske problem ser de med ei slik ordning? 

6. juni 2007 Posta av widnes | Skuleting | | No Comments Yet