Vurdering med og utan karakter
Eg sit i ein båt på djupt vatn, langt, langt, langt frå land. Kapteinen, som berre har site på kontoret sitt i fleire år, ber meg om å kome meg i land ved å hoppe ut i.
Spissformuleringar (i kronologisk rekkjefylgje).
Elevane klagar på lærarane og vil ha nye og betre lærarar. Eg for min del vil ha nye og betre elevar. (I alle fall meir arbeidssame og deltidsdidiplinerte.)
(TOJFW, 230108)
Å tru at elevar vert interesserte i matematikk ved at ein fagrettar matematikken, er som å tru at fotballspelarar vert interesserte i handball ved at dei får trene på innkast.
(TOJFW, 080208)
Elevane seier dei ikkje bør få ordensmerknad for forseintkoming fordi/dersom læraren heller ikkje er 100% presis. OK! Men heretter vert då elevane vurdert fagleg ut i frå lærarens faglege nivå.
(TOJFW, 260208)
Dersom elevane skulle få karakter i “matematikk opp til og med 3MX-nivå”, ville dei fleste få dårlegare karakter enn i 3MX.
(TOJFW, 270208)
Stryk.
Vi har ein karakterskala frå 1 til 6. Før var det frå 0 til 6. Før var karakterane 0 og 1 stryk. No er det berre 1 som gjer at ein ikkje står i faget. Dette gjer at eg og truleg mange med meg, vegrar oss for å gi karakteren 1, sjølv om det er den rette karakteren ut i frå faglege kriterier. Elevar som ligg litt under den grensa vi kjenner at skulle vere der, får 2. Dette er sjølvsagt kjekt for dei det gjeld. Men eg skulle ynskje den problemstillinga ikkje fanst. Vi har ein karakterskala frå 1 til 6, kvifor ikkje bruke den. Heile!
Ei mogleg løysing på dette er å kutte ut omgrepet “stryk”. Kvifor skal ein av seks karakterar vere kriteriet for om folk kjem seg vidare her i livet eller ikkje? Kan ikkje dei som skal nytte/vidareutdanne ungdomane, vurdere sjølv om karakterane er gode nok? Er ein toar noko særleg betre enn ein einar? Per dags dato er det “under middels grad av måloppnåing”. Dei eg gjev 2 kan ikkje noko særleg, det innrømmer eg glatt.
Ein skilnad frå i dag er då at dei som stryk i dag, kunne gått vidare med neste fag osb. Det problemet må ein vel kunne organisere vekk på ein annan måte. På linjer der det er inntak på grunnlag av karakterar, burde det ikkje vere noko problem. Der kunne ein setje dei kriterier som var naudsynte for faget, utan at det trengte å gi oss lærarar noko meir press på å gje høgare karakter enn 1. Kva andre praktiske problem ser de med ei slik ordning?
Kvalitetsreform og kunnskapsløft, … framhald fylgjer (kanskje).
På universitetet har dei hatt ei reform som gjer at det vert stilt strengare krav til studentane, i form av at dei får meir obligatorisk arbeid og meir møteplikt. Før var universitetet ein stad for dei som hadde verkeleg interesse for faga og som var litt sjølvdrivne. No skal dei tvingast til masse meirarbeid som ofte ikkje gjev noko meir kunnskap. Slik var det obligatoriske i mi tid også, men det var heldigvis lite av det. Eit spark bak for dei late og uinteresserte, påføring av masse arbeid ein ikkje hadde trengt å gjere og som ein ikkje lærte noko særleg av, for dei som gjorde det dei skulle.
Kvar har det vorte av studieareanaen for dei sistnemnde?
Vidaregåande er også slik. Og slik har det vel vore lenge (“alltid”?). Men eg lurar på om ikkje ein kunne gitt elevar i vidaregåande friare tøylar. Meir friviljug oppmøte, og meir ansvar for å lese og jobbe sjølv. “Dei er ikkje mogne for det”, er det vanlege argumentet. Men kva tid skal dei lære å ta ansvar for si eiga utvikling osb. då? Dessutan vil eg hevde at mange ville ha vakse på det, både fagleg og personleg. Og slappare enn snittet av ungdomen er på skulen i dag, skal det vel vanskeleg gjerast å få dei.
Dette var ei kort førebels synsing om eit tema eg lenge har meint noko om, men no er det for seint på kvelden, og eg får ta det att ein annan gong.
–
Eg legg inn svaret på ein kommentar her også, for di eg ikkje heilt fekk fullført dette blogginnlegget, og fordi det kanskje utdjupar kva eg meinte:
Dette var ikkje fyrst og fremst, eller i alle fall ikkje berre, argument for individets fridom. Det er mogleg at det ikkje er alle som passar til å få eit slikt ansvar. Men vi ser at sjølv med den ”manglande fridomen” (ikkje alle vil hevde at det er så strengt i skulen no), er det ikkje all verda med jobbing og læring i vidaregåande skule. Då kan ein t.d. innføre eit strengt terrorregime og sjå om det verkar. Det er tvilsamt. Det stemmer heller ikkje med den positive utviklinga som har vore når det gjeld frykt (i motsetning til respekt) for autoritetar. Eitt av poenga mine er at dei som er verkeleg interessert og dei som hadde vakna av å få ansvaret sjølv, kunne hatt godt av det! Det skjedde meg i laupet av eitt semester på universitetet. Eg skjønte at det var alvor. Og det var mykje meir effektivt å gjere det ein lærte noko av, enn å gjere det som dei ”mindre arbeidsame” trengde for å få eit spark bak. Det er alltid ein fare for at det blir slik med for mykje obligatorisk arbeid. Det eg meiner er at det er dumt at ikkje dei mest læreviljuge har ein arena som passar dei betre.
Eitt anna poeng er at eg trur mange måtte ha skjerpa seg om dei fekk meir ansvar sjølv. Ikkje slikt ”liksomansvar” som ligg i det drøvtogne omgrepet ”ansvar for eiga læring”, slik det har vorte brukt i R94-tida. (Rettare: slik eg har oppfatta at det har vorte brukt).
…… (meir under kommentarar).
Læringslaben
Det går ein debatt om Læringslaben i avisene og andre stader for tida. Den burde eg ha skrive eit innlegg i, for eg har meint noko om dette lenge før Sjøberg kom med sine synspunkt. Opplæringsdirektør Svein Fjeld, som kanskje kan kallast sjefen min, forsvarar sjølvsagt at fylket har brukt Læringslaben, og hevdar at dei har fått berre gode tilbakemeldingar frå skulane. Det er i så fall synd.
Læringslaben har utført ei lærarundersøking og ei elevundersøking. Elevundersøkinga kjenner eg berre frå presentasjonen av resultata og stønninga frå elevane som måtte ta den. Lærarundersøkinga tok eg sjølv, og eg minnest at eg meinte den ikkje var verd prisen for lyset som kom frå skjermen den stod på.
For å vere litt flåsete, eg hugsar godt følgjande spørsmål: “hender det at du av og til fullstendig mister besinnelsen?” Eg svarte sjølvsagt “delvis uenig”.
Så mykje meir hugsar eg ikkje av sjølve undersøkinga. Men eg hugsar godt alle den raude fargen som var på kvart spørsmål under presentasjonen av resultata av elevundersøkinga. Alt mogleg var gale. Til og med ting som eg personleg ser på som positivt, var farga raudt. At elevane er misfornøgde med lærarane og skulen, men ikkje med seg sjølv er vel ikkje noko uvanleg. Slik var eg også. Men det treng ikkje seie noko om korleis tilstanden eigentleg er.
No er det for lenge sidan dette til at eg hugsar nok av det. Men dersom fylket skal nytte Læringslaben til hausten også, så vil i alle fall eg prøve å studere den nøye og merke meg kva eg synest ikkje er bra nok.
Ein anna ting er at skulen sjølv sikkert kan lage ei like god undersøking. Berre sjå på “elevevalueringa”, som var ei evaluering som elevane gjorde av lærarane. Der fekk eg seriøse svar som at eg var sexy og pen (truleg frå mannlege elevar), og at eg burde spele meir på tennene. (Noko eg er ein “eit slikt ord som ein ikkje set på trykk” til). Dagen etter hadde ein elev omlag dette som personleg melding på Windows Live Messenger: “x % av befolkningen sier at de ikke svarer ærlig på spørreundersøkelser” (der x var ca lik 30?).
Vel, vel. Kanskje har eg ikkje all verdas grunnlag for å skrive eit innlegg. Men kritisk til Læringslaben det er eg. Eg kjenner forresten ei som har jobba der, og ho stadfester nokre av mine fordomar. Ho var nesten den einaste som hadde jobba i skulen av dei som jobba der. Ingen bukk ved havresekken der altså. Akkurat som i skulepolitikken
Eg skulle gjerne visst kva elevane som hadde denne undersøkinga hadde å seie om saka, men det blir sikkert vanskeleg. Men om de har lyst, kom med det!
Frustrasjon
Læraryrket er frustrerande. Sjølvsagt likar* eg det, men rett ofte lurar eg på kva det er eg driv med.
No har vi halde på ei stund med eit tema, og elevane har stort sett gitt uttrykk for at dette ikkje er så vanskeleg. Sjølvsagt slit somme meir enn andre. Men det verkar som dei skjønar det eg forklarar*. Dei gjer sine oppgåver, og det går vel nokolunde greitt. Somme har ikkje kontrollen, men mange seier at “dette er mykje lettare enn …..”
Så kjem prøva. Sjølv dei enklaste ting blir vanskeleg.
Dette kjenner eg meg over hovudet ikkje igjen i sjølv. Enten forstod eg eller så forstod eg ikkje. Som regel forstod eg.
Enten kunne eg eller så kunne eg ikkje. I grunnskulen og fyrste gym. kunne eg. I andre og tredje kunne eg ikkje så mykje. Fram til rett før eksamen. Men det hadde mykje med innsats å gjere.
Det er mi forklaring og halmstrå no også. Dei fleste jobbar ikkje nok. Og nokre av dei som jobbar nok, jobbar ikkje rett. Men eg klarer ikkje å lære dei korleis dei skal jobbe.
Eg klarer ikkje å få dei til å jobbe nok. Eg klarer ikkje å få dei til å jobbe med å forstå. Eg klarer ikkje å få dei til å jobbe med grunnleggande matematikk. Sjølv om vi snakkar om det nesten kvar gong.
Det er ei veldig inhomogen masse.
Men no har vi gått gjennom pensum. No kan vi ta til å lære. Og no er eg lei av forstyrrande element. No skal det lærast, enten dei vil eller eg.
Tru det den som vil.
–
*Kvifor er så mange verb “v1 eller v2″? Ein kan ikkje vita kva ein skal skrive. Eg veld det som ligg nærast min dialekt…..
Vel, …..
Eg er ikkje så sint lenger. Eg er kanskje i ferd med å godta eit av forslaga om spreiing av allmennlærarar. Det “inneber” store avdelingar. Realfag/humanistisk må få kvar sin fagkoordinator OG fagfordelinga MÅ skje på “realfagsseksjonen”. Alle som jobbar der må få kome med sine ynskje og faga/klassene må verte fordelt etter prinsippet om deling av last og lyst, sjølv om ein skal prøve å fylle opp stillinga si mest mogleg på ei avdeling. I den grad det er mogleg. (… eh …?)
Den modellen med mange små avdelingar er heilt uaktuell dersom ikkje realfag/humanistfag eller allmennfag får si eiga avdeling! For då fell ideane som ligg til grunn for å spreie oss, på si eiga meiningsløyse..
Til dei som ventar på svar på sine kommentarar, må eg berre seie: den som ventar på noko godt, bør finne noko anna godt medan han ventar.
Eg er sint!
Det er nok ein gong for seint på kvelden til å skrive noko langt innlegg. Men eg må berre få sagt det. Eg “flyg snart i flint”.
Makan til arroganse. MOT den fagforeininga som har over 70 % (86 av 120) av lærarane på skulen sitt klare ynskje, mot dei to avdelingane som til saman har klart flest lærarar på skulen (ca 52 av 120, dvs ca 43 %), klarer leiinga og andre organisasjonar å prøve å antyde at det skal trumfast i gjennom eit heilt håplaust system på skulen.
Allmennfagslærarane skal spreiast rundt om på yrkesfagsavdelingane.
Årsaka skal visstnok vere pedagogiske. “Eleven i sentrum”. “Tverrfagleg samarbeid”. Les: utradering av våre fag, vår faglege identitet og eg veit ikkje kva.
Kyss meg der sola skin berre nokre få gonger i året. God natt.
Innlegg i nettutgåva av “Utdanning” 07.12.04
Matematikk og nye metodar
Eg ventar enno på å sjå kva det er dagens elevar har lært i matematikk, som vi ikkje lærte i vår tid. Praktisk og heilskapleg matematikk er det i alle fall ikkje, skriv innsendaren.
Av Torbjørn Ole Widnes Johansen
Sigmund Hov Moen er i sitt innspel “ Matematikk og sukkerspinn” 6. desember inne på viktige problemstillingar når det gjeld matematikkopplæringa. Eg er stort sett samd i det han skriv, sjølv om eg kanskje gjerne ville sett litt nærare på dei undersøkingane han snakkar om før eg uttalar meg om dei.
Eg trur likevel ikkje at det er “elleville matematikkekspertars born” som “har blitt skuleleie og trøtte av terping”. I så fall må det vere fordi dei har terpa på ting dei allereie kunne. Eg trur ikkje born av matematikarar nokon gong har vorte skuleleie av pugg. Dei blir heller skuleleie av manglande utfordringar.
Å rekne matematikkoppgåver er ofte det kjekkaste som finst for dei som får det til, berre ein får utfordringar. Eg tvilar på at matematikarar er problemet her, for eit fåtal av dei eg kjenner er i særleg grad tilhengarar av den nye pedagogikken.
Problemet har vore (og er framleis) at det er mange som ikkje klarer å lære matematikk ut over eit visst nivå. Faget har alltid skapt skuletaparar og vore eit slit, kanskje til og med for fleirtalet av elevane. Grunnane til dette er fleire. Men det har ikkje vorte betre av at ein lærar skal undervise mange elevar med heilt ulikt utgangspunkt.
Den differensieringa og den tilpassa undervisninga som kvar elev skal få i følgje opplæringsloven o.a., er dessverre ein utopi med den ressursbruken og den organiseringa ein har hatt i skulen sidan ein fekk 9-årig obligatorisk skule.
Resultatet av dette er at ein har trudd at det er undervisningsmetodane det er noko i vegen med. Ein har dermed kanskje prøvd å finne metodar som passar for elevar som er middels flinke og svake i matematikk. Desse har så blitt tredd nedover hovudet på alle.
Spørsmålet er om desse metodane har passa for svake elevar, om dei har passa for nokon i det heile! I alle fall har dei ikkje passa utan enormt mykje individuell oppfølging som ein lærar ikkje er i stand til å gjennomføre med ein heil klasse.
Det er mogleg at “dei flinke” elevane har greidd seg bra også med “moderne undervisningsmetodar”. Men eg for min del har til gode å sjå at dei har ført med seg noko bra.
Eg ventar enno på å sjå kva det er dagens elevar har lært i matematikk, som vi ikkje lærte i vår tid. Praktisk og heilskapleg matematikk er det i alle fall ikkje. Og eg klarer heller ikkje å forstå kvifor dei som ville ha likt skulematematikken slik den var før, ikkje skal få den type undervisning.
Eg kunne sikkert ha skrive ei heil avhandling om mine tankar rundt dette, men eg er lærar i vidaregåande og har dessverre ikkje tid.
Mitt pedagogiske grunnlag del I
Det er snakka mykje om læring ved leik og at ein må gjere fagstoffet artig for elevane. Og for all del, la meg seie no med det same at eg ikkje er i mot det. Men eg vil heller ha eit anna fokus. På sett og vis det motsette eller omvende. Eg hevdar at det er eit mykje betre utgangspunkt å la læringa verte ein leik og å like sjølve faget. Ein likar som regel (merk: som regel) faget dersom ein meistrar det. Og dersom ein ikkje likar sjølve faget, vert det sjeldan meir morosamt ved at ein driv med aktivitetar på sida av faget for å få det til å verte morosamt. Då vert ein berre skuffa når faget igjen viser seg å vere det same gamle.
Når det gjeld leik og læring, så er det å lære ofte utruleg artig for ungar. Dei er ofte umettelege. Då er det berre å pøse på. Men skulen stansar ofte denne raske utviklinga ved å stoppe elevane opp. Og dessverre vert det raskt ein kultur for at det ikkje er så viktig å kunne faget. Slik var det i mi skuletid, og slik trur eg det er no også.
Pedagogane og skulen har gjort ein stor tabbe ved å satse på undervisning som ein trudde skulle få alle til å lære meir, men som heller har gjort spriket mellom flinke og mindre flinke større. Ein har stempla ein del av dei måtane å lære på som eg likte best som mindreverdige. Det har forundra meg at ein har redusert delar av undervisninga som dei flinke likte så godt. Øving og pugg har vore “fy fy” i mange år, medan t.d. forståing i matematikken har vore nedprioritert i heile mi tid. Kva er det att då?
Til slutt, for denne gong, eit hjartesukk: Dersom ein skal lære matematikk, må ein tenkje matematisk frå tidlegare alder enn ungar gjer i Noreg i dag. Kunnskap er ikkje skadeleg. Ein må slutte med det tøyset at ein ikkje trur ungar kan tenkje abstrakt. Skriftspråk og bokstavar er abstrakt, og døtra mi som ikkje er 2 enno, er i ferd med knekke den koden. Utan press, ho elskar det. Det er ein heilt anna diskusjon om ein skal skilje dei som skal lære matematikk frå dei som berre skal lære rekning. Eg er ikkje for såkalla elitetenking. Men å stanse ei utvikling, å halde folk att, for å skape likskap, tykkjer eg ikkje er nokon god ide. Folk vert ikkje like av den grunn!
-
Arkiv
- desember 2008 (1)
- november 2008 (1)
- februar 2008 (1)
- juni 2007 (1)
- mai 2007 (1)
- april 2007 (2)
- mars 2007 (2)
- februar 2007 (4)
- januar 2007 (7)
-
kategoriar
-
RSS
Innlegg RSS
Kommentarar RSS