Torbjørns såkalla blogg

Mest om skule, trur eg. Spesielt matematikk.

Vurdering med og utan karakter

Eg sit i ein båt på djupt vatn, langt, langt, langt frå land. Kapteinen, som berre har site på kontoret sitt i fleire år,  ber meg om å kome meg i land ved å hoppe ut i.

Advertisements

14. desember 2008 Posted by | Skuleting | 6 kommentarar

Ha ha ha, Oasis, ha ha ha!

Lenge sidan!

Eg såg nettopp gitaristen i Oasis på TV seie at dei er offer for sin eigen genialitet, og at Coldplay, Keane og andre burde få høyre at platene deira ikkje er like gode som «Morning glory» og den derre andre. Han prøvde sikkert å vere morosam. Det håper eg for hans del. Genial, my øyrehår!

26. november 2008 Posted by | Musikk | Kommenter innlegget

Spissformuleringar (i kronologisk rekkjefylgje).

Elevane klagar på lærarane og vil ha nye og betre lærarar. Eg for min del vil ha nye og betre elevar. (I alle fall meir arbeidssame og deltidsdidiplinerte.)
(TOJFW, 230108)

Å tru at elevar vert interesserte i matematikk ved at ein fagrettar matematikken, er som å tru at fotballspelarar vert interesserte i handball ved at dei får trene på innkast.
(TOJFW, 080208)

Elevane seier dei ikkje bør få ordensmerknad for forseintkoming fordi/dersom læraren heller ikkje er 100% presis. OK! Men heretter vert då elevane vurdert fagleg ut i frå lærarens faglege nivå.
(TOJFW, 260208)

Dersom elevane skulle få karakter i «matematikk opp til og med 3MX-nivå», ville  dei fleste få dårlegare karakter enn i 3MX.
(TOJFW, 270208)

8. februar 2008 Posted by | Skuleting | Éin kommentar

Stryk.

Vi har ein karakterskala frå 1 til 6. Før var det frå 0 til 6. Før var karakterane 0 og 1 stryk. No er det berre 1 som gjer at ein ikkje står i faget. Dette gjer at eg og truleg mange med meg, vegrar oss for å gi karakteren 1, sjølv om det er den rette karakteren ut i frå faglege kriterier. Elevar som ligg litt under den grensa vi kjenner at skulle vere der, får 2. Dette er sjølvsagt kjekt for dei det gjeld. Men eg skulle ynskje den problemstillinga ikkje fanst. Vi har ein karakterskala frå 1 til 6, kvifor ikkje bruke den. Heile!

Ei mogleg løysing på dette er å kutte ut omgrepet «stryk». Kvifor skal ein av seks karakterar vere kriteriet for om folk kjem seg vidare her i livet eller ikkje? Kan ikkje dei som skal nytte/vidareutdanne ungdomane, vurdere sjølv om karakterane er gode nok? Er ein toar noko særleg betre enn ein einar? Per dags dato er det «under middels grad av måloppnåing». Dei eg gjev 2 kan ikkje noko særleg, det innrømmer eg glatt.

Ein skilnad frå i dag er då at dei som stryk i dag, kunne gått vidare med neste fag osb. Det problemet må ein vel kunne organisere vekk på ein annan måte. På linjer der det er inntak på grunnlag av karakterar, burde det ikkje vere noko problem. Der kunne ein setje dei kriterier som var naudsynte for faget, utan at det trengte å gi oss lærarar noko meir press på å gje høgare karakter enn 1. Kva andre praktiske problem ser de med ei slik ordning? 

6. juni 2007 Posted by | Skuleting | Kommenter innlegget

Kvalitetsreform og kunnskapsløft, … framhald fylgjer (kanskje).

På universitetet har dei hatt ei reform som gjer at det vert stilt strengare krav til studentane, i form av at dei får meir obligatorisk arbeid og meir møteplikt. Før var universitetet ein stad for dei som hadde verkeleg interesse for faga og som var litt sjølvdrivne. No skal dei tvingast til masse meirarbeid som ofte ikkje gjev noko meir kunnskap. Slik var det obligatoriske i mi tid også, men det var heldigvis lite av det. Eit spark bak for dei late og uinteresserte, påføring av masse arbeid ein ikkje hadde trengt å gjere og som ein ikkje lærte noko særleg av, for dei som gjorde det dei skulle. 

Kvar har det vorte av studieareanaen for dei sistnemnde?

Vidaregåande er også slik. Og slik har det vel vore lenge («alltid»?). Men eg lurar på om ikkje ein kunne gitt elevar i vidaregåande friare tøylar. Meir friviljug oppmøte, og meir ansvar for å lese og jobbe sjølv. «Dei er ikkje mogne for det», er det vanlege argumentet. Men kva tid skal dei lære å ta ansvar for si eiga utvikling osb. då? Dessutan vil eg hevde at mange ville ha vakse på det, både fagleg og personleg. Og slappare enn snittet av ungdomen er på skulen i dag, skal det vel vanskeleg gjerast å få dei.

Dette var ei kort førebels synsing om eit tema eg lenge har meint noko om, men no er det for seint på kvelden, og eg får ta det att ein annan gong.

Eg legg inn svaret på ein kommentar her også, for di eg ikkje heilt fekk fullført dette blogginnlegget, og fordi det kanskje utdjupar kva eg meinte:

Dette var ikkje fyrst og fremst, eller i alle fall ikkje berre, argument for individets fridom. Det er mogleg at det ikkje er alle som passar til å få eit slikt ansvar. Men vi ser at sjølv med den ”manglande fridomen” (ikkje alle vil hevde at det er så strengt i skulen no), er det ikkje all verda med jobbing og læring i vidaregåande skule. Då kan ein t.d. innføre eit strengt terrorregime og sjå om det verkar. Det er tvilsamt. Det stemmer heller ikkje med den positive utviklinga som har vore når det gjeld frykt (i motsetning til respekt) for autoritetar. Eitt av poenga mine er at dei som er verkeleg interessert og dei som hadde vakna av å få ansvaret sjølv, kunne hatt godt av det! Det skjedde meg i laupet av eitt semester på universitetet. Eg skjønte at det var alvor. Og det var mykje meir effektivt å gjere det ein lærte noko av, enn å gjere det som dei ”mindre arbeidsame” trengde for å få eit spark bak. Det er alltid ein fare for at det blir slik med for mykje obligatorisk arbeid. Det eg meiner er at det er dumt at ikkje dei mest læreviljuge har ein arena som passar dei betre.
Eitt anna poeng er at eg trur mange måtte ha skjerpa seg om dei fekk meir ansvar sjølv. Ikkje slikt ”liksomansvar” som ligg i det drøvtogne omgrepet ”ansvar for eiga læring”, slik det har vorte brukt i R94-tida. (Rettare: slik eg har oppfatta at det har vorte brukt).
…… (meir under kommentarar).

11. mai 2007 Posted by | Skuleting | 7 kommentarar

«En av to norske menn gir kvinnen skylden for voldtekt».

Omlag dette stod på framsida av VG her ein dag. Ein kan diskutere fram og tilbake om kva som ligg i dette og det spekter av meiningar som finst innanfor dei ca 50% som avisa hevdar undersøkinga snakkar om. Ein kan gjerne diskutere definisjonane av valdtekt. Ein kan sikkert diskutere anna som er knytta til debatten kring desse tema. Ein kan sikkert også endre synspunkt i saker.

Men i denne saka har eg berre ein ting å seie. Ei kvinne har aldri skulda for at ho vert valdteken.

27. april 2007 Posted by | Samfunn | 3 kommentarar

Læringslaben

Det går ein debatt om Læringslaben i avisene og andre stader for tida. Den burde eg ha skrive eit innlegg i, for eg har meint noko om dette lenge før Sjøberg kom med sine synspunkt. Opplæringsdirektør Svein Fjeld, som kanskje kan kallast sjefen min, forsvarar sjølvsagt at fylket har brukt Læringslaben, og hevdar at dei har fått berre gode tilbakemeldingar frå skulane. Det er i så fall synd.

Læringslaben har utført ei lærarundersøking og ei elevundersøking. Elevundersøkinga kjenner eg berre frå presentasjonen av resultata og stønninga frå elevane som måtte ta den. Lærarundersøkinga tok eg sjølv, og eg minnest at eg meinte den ikkje var verd prisen for lyset som kom frå skjermen den stod på.

For å vere litt flåsete, eg hugsar godt følgjande spørsmål: «hender det at du av og til fullstendig mister besinnelsen?» Eg svarte sjølvsagt «delvis uenig».

Så mykje meir hugsar eg ikkje av sjølve undersøkinga. Men eg hugsar godt alle den raude fargen som var på kvart spørsmål under presentasjonen av resultata av elevundersøkinga. Alt mogleg var gale. Til og med ting som eg personleg ser på som positivt, var farga raudt. At elevane er misfornøgde med lærarane og skulen, men ikkje med seg sjølv er vel ikkje noko uvanleg. Slik var eg også. Men det treng ikkje seie noko om korleis tilstanden eigentleg er.

No er det for lenge sidan dette til at eg hugsar nok av det. Men dersom fylket skal nytte Læringslaben til hausten også, så vil i alle fall eg prøve å studere den nøye og merke meg kva eg synest ikkje er bra nok.

Ein anna ting er at skulen sjølv sikkert kan lage ei like god undersøking. Berre sjå på «elevevalueringa», som var ei evaluering som elevane gjorde av lærarane. Der fekk eg seriøse svar som at eg var sexy og pen (truleg frå mannlege elevar), og at eg burde spele meir på tennene. (Noko eg er ein «eit slikt ord som ein ikkje set på trykk» til). Dagen etter hadde ein elev omlag dette som personleg melding på Windows Live Messenger: «x % av befolkningen sier at de ikke svarer ærlig på spørreundersøkelser» (der x var ca lik 30?).

Vel, vel. Kanskje har eg ikkje all verdas grunnlag for å skrive eit innlegg. Men kritisk til Læringslaben det er eg. Eg kjenner forresten ei som har jobba der, og ho stadfester nokre av mine fordomar. Ho var nesten den einaste som hadde jobba i skulen av dei som jobba der. Ingen bukk ved havresekken der altså. Akkurat som i skulepolitikken 😉

Eg skulle gjerne visst kva elevane som hadde denne undersøkinga hadde å seie om saka, men det blir sikkert vanskeleg. Men om de har lyst, kom med det!

16. april 2007 Posted by | Skuleting | 2 kommentarar

Frustrasjon

Læraryrket er frustrerande. Sjølvsagt likar* eg det, men rett ofte lurar eg på kva det er eg driv med. 

No har vi halde på ei stund med eit tema, og elevane har stort sett gitt uttrykk for at dette ikkje er så vanskeleg. Sjølvsagt slit somme meir enn andre. Men det verkar som dei skjønar det eg forklarar*. Dei gjer sine oppgåver, og det går vel nokolunde greitt. Somme har ikkje kontrollen, men mange seier at «dette er mykje lettare enn …..»

Så kjem prøva. Sjølv dei enklaste ting blir vanskeleg.

Dette kjenner eg meg over hovudet ikkje igjen i sjølv. Enten forstod eg eller så forstod eg ikkje. Som regel forstod eg.

Enten kunne eg eller så kunne eg ikkje. I grunnskulen og fyrste gym. kunne eg. I andre og tredje kunne eg ikkje så mykje. Fram til rett før eksamen. Men det hadde mykje med innsats å gjere.

Det er mi forklaring og halmstrå no også. Dei fleste jobbar ikkje nok. Og nokre av dei som jobbar nok, jobbar ikkje rett. Men eg klarer ikkje å lære dei korleis dei skal jobbe.

Eg klarer ikkje å få dei til å jobbe nok. Eg klarer ikkje å få dei til å jobbe med å forstå. Eg klarer ikkje å få dei til å jobbe med grunnleggande matematikk. Sjølv om vi snakkar om det nesten kvar gong.

Det er ei veldig inhomogen masse.

Men no har vi gått gjennom pensum. No kan vi ta til å lære. Og no er eg lei av forstyrrande element. No skal det lærast, enten dei vil eller eg.

Tru det den som vil.

*Kvifor er så mange verb «v1 eller v2»? Ein kan ikkje vita kva ein skal skrive. Eg veld det som ligg nærast min dialekt…..

27. mars 2007 Posted by | Skuleting | 3 kommentarar

Blogg

Eg må seie at det skjer ikkje mykje verken på min eller mine kollegars blogg for tida. Det er ikkje det minste rart. Normale folk har ikkje tid til å leve livet sitt på nettet. Men det var snakk om pedagogisk bruk av blogg. Når, kvar og korleis skjer det?

27. mars 2007 Posted by | Uncategorized | Éin kommentar

Vel, …..

Eg er ikkje så sint lenger. Eg er kanskje i ferd med å godta eit av forslaga om spreiing av allmennlærarar. Det «inneber» store avdelingar. Realfag/humanistisk må få kvar sin fagkoordinator OG fagfordelinga MÅ skje på «realfagsseksjonen». Alle som jobbar der må få kome med sine ynskje og faga/klassene må verte fordelt etter prinsippet om deling av last og lyst, sjølv om ein skal prøve å fylle opp stillinga si mest mogleg på ei avdeling. I den grad det er mogleg. (… eh …?)

Den modellen med mange små avdelingar er heilt uaktuell dersom ikkje realfag/humanistfag eller allmennfag får si eiga avdeling! For då fell ideane som ligg til grunn for å spreie oss, på si eiga meiningsløyse..

Til dei som ventar på svar på sine kommentarar, må eg berre seie: den som ventar på noko godt, bør finne noko anna godt medan han ventar.

25. februar 2007 Posted by | Skuleting | Éin kommentar